top of page
logo.jpg
Search

Jerry can - 25.oktober.2022

Updated: Oct 27, 2022

Her er dagens blogg alle sammen! :-D


Det viktigaste først i dag! Alle må få med seg årets store happening. Sjå biletet under, og gjer som informasjonen oppmodar deg om! Innlegget er å finne i sin heilskap på facebooksida vår "Crossfit verftet medlemmer" (om du ikkje er medlem av denne sida frå før).





I dag var det mange som fekk seg ein gledeleg overraskelse på handstand walk øvingen. Veldig kjekt å sjå smilene om munnen på kvar og ein når de får til nye skills! Knallbra at de tør å pushe grensene dykkar! Det er den måten ein lærar seg nye ferdigheiter på!


Ellers flott å sjå at folk hugsar på å vaske utstyret sitt når de er ferdig å bruke det! Dette er ein ny rutine, så sjølv om ikkje nødvendigvis coachen hugsar på det, så ta initiativ til det på eiga hand.


Framover vil det ikkje bli benytta pappkoppar lenger i kaffikroken. Ta kontakt med ein av dei ansatte i boksen for å kjøpe ein eigen "Veftet kaffiavtale".


Nedanfor er det eit bildedryss frå dagens økt! Kanonbra jobba alle saman!




173 views

Comments


bottom of page