top of page
logo.jpg
Search

OH-K - 04.Januar.2023

Haaallo folkens og godt nyttår frå meg (Eirik) :-D Håpa alle har hatt ei strålande høgtid uansett om du har feira eller ei.


Januar er høgtid for å jobbe med nyttårsforsett. Eg vil minne dykk på å lage oppnåelege nyttårsforsett! På den måten er det mykje greiare å nå dei, og sånn sett få motivasjon til å oppretthalde. Små skritt for å stadig bli eit lite hakk betre!





Dagens økt handla om pacing. Utfordringa og nøkkelen låg nok for dei fleste i "erg-maskina" i dag. Det var rimelig lange intervallar i forhold til kva me brukar og ha. Då fordrar det at ein er ekstra flink til å kjenne kroppen sin og finne eit tempo som er overkommeleg over tid. Dette er ein eigenskap som er veldig viktig å ha i denne typen økter. Ved å åpne for hardt, risikerer ein at både kroppen og motivasjonen får seg ein knekk. Då er det mykje betre om ein kan legge seg på eit tempo som fører til at ein kjenner at ein har overskot mot slutten av økta!




I tillegg til roing/sykling, inneholdt dagens økt også kettlebell swings og goblet squats. På KB swings var fokuset at krafta skulle komme frå hofta, medan goblet squats skulle vere med ein "oppreist" rygg og djupe nok.


Totalt sett ei lang økt der ein måtte jobbe med hovudet for å oppretthalde god teknikk og konsistent intensitet Uttøying er også ganske digg, bare spør Åsmund😄




Husk at ein ofte kjenner at det er tungt å komme seg i gang med treninga etter ei jul med avslapping og still forventningane dine til deg sjølv deretter! Satsar på at de fekk brent bort litt julamat og at de hadde det kjekt medan de gjorde det! Ha ein strålande kveld!


Dagens tavle:



- Eirik og Margrethe


178 views
bottom of page