top of page
logo.jpg
Search

Part 1: Back Squat 1x1, Part 2: "Tippy Toes" 29. august - 2022

Hallao adle i hop! :-D Eirik her, han "nye". I dag blir det nynorskblogg, for mangfaldet sin del (haha)


Ei knakande tung økt på programmet i dag! Ein knallgod måte å sparke i gang veka på! Per Steinar merka i alle fall at han måtte justere forventningane sine bittelitt frå korleis lett han tenkte økta ville bli. Me har vel alle saman kjent litt på det nokre gongar (mange gongar)!


I dag var det ei todelt økt. I del ein var målet å bygge opp til dagens tunge bakbøy, med god teknikk. Me fekk til og med ein del nye PRs på timane mine! Alltid like kjekt å sjå! Men det som tross alt er det viktigaste er at ein klarar å gjere desse løfta på ein trygg måte med god teknikk. Det blei gjort ein god jobb med spotting, og det blei gitt tilbakemeldingar innad i makkerpara på teknikk! Flott!!


Eg har hatt min fjerde time som coach her! Så langt har de vore tolmodige med meg! Veldig kjekt å ha gruppetimar når de møter opp like positivt innstilte som alltid!


Ha ein strålande kveld vidare og så sjåast me på trening! Sjå bildestrøm til sist i innlegget ;)








Scores og Whiteboard:



Eirik, out!


253 views

Comentarios


bottom of page