top of page
logo.jpg
Search

Sumo Deadlift & Ingrid - 31.oktober.2022

Heisann adle i hop! :-D


Mandag igjen! Og denne mandagen er det sikkert ein del av medlemmene våre som hadde det ekstra tungt etter å ha ei fuktig halloweenhelg! Nokon tok til og med seg halloween på morgonøkta i dag! Moro! Sjå video under!






Dagens todelte økt var i alle fall "knep" for min del (haha). Eg er definitivt ingen ekspert på sumo deadlifts, men hei; held me ikkje på med crossfit fordi me likar å utfordre oss sjølv og lære nye ting!? På den måten sikrar ein seg også ofte nye personlege rekordar. Om ein aldri har gjort ein bevegelse, er ein jo garantert PR :-D






Del to i dag heitte "Ingrid". Ei teknisk økt med stang og relativt tung vekt. Mange fekk nok utfordra seg med tanke på teknikk, styrke, men også den anaerobe terskelen blei testa i dag. Ei kort, men intensiv økt!




Score:




Som coach er det veldig kjekt å sjå at de tar vare på einannan og heiar kvarandre inn til sistemann er ferdig med sin siste repetisjon! Hald fram med det!





Ellers håpar me alle får ein strålande kveld vidare!

Snakkas på trening :D

Helsing Eirik&Helene!

218 views

Comments


bottom of page