top of page
logo.jpg
Search

Helgeblogg


D57E4C48-4BF9-42BD-BE13-68723487E05A
DF19DEFC-EA34-44F4-B2AD-A7FF8F8B3D25
D3D0CE5C-CB15-49C3-A199-F2241D8F64D6
59707C79-6875-4B0E-B8CC-599681313A0C
D98A9883-62FA-4E55-904D-35747CA5B9D2

Fredag var det oss sjølve mot oss sjølve. Vi køyrde to Amrap på fire minutt med 6 minutt pause imellom. Her var målet å få best mulig score på den første, for så å slå oss sjølve på den andre:) Alle hadde ei kjempegod innstilling og seg sjølv som konkurrent. Dette var ein god måte å presse seg sjølv på og lære kva begrensinger ein set for seg sjølv når «arbeidet» er ukjent (Amrap nr1) i forhold til om ein veit akkurat kva og korleis ein skal gjer «arbeidet» (amrap nr 2).

Powernight økta blei hissig og alle låg flate på golvet etter økta:) Sånn blir det når Andreas kjem med forslag at vi skal avslutte med burpees over the box i staden for berre burpees! Han var forresten ikkje med sjølv!?

I dag har vi hatt ein hinsides innsats på dugnaden og vi kom lenger enn forventa. Fantastisk team spirit og veldig kjekt at så mange er ivrige på å vere med i klargjeringa av det nye lokalet! Kos dokke resten av søndagskvelden og bli klar for ei ny veke!

Punktum slutt.

1 view

Recent Posts

See All
bottom of page