top of page
logo.jpg
Search

Ball don´t lie

Jajaja folkens! På mine økter i dag var det mange som fekk kjenna at dei var i live og eg trur fleire også fekk seg ein ørliten pump i lårmusklaturen. Lars kommenterte i alle fall at han kjente pumpen i låra allerede etter første runde med roing og wallballs (haha, knallsterkt jobba!


Men, økta i dag var ikkje kun kasting av ball og forflytting av båt, den bestod også av ein del 1; 16 minuttar med markløftsbølger. Dersom du lurte på kvifor me set opp bølgesett så er dette fordi det er ein effektiv måte å auke styrke på kort tid.


Fokuset på denne delen av økta låg i at ein skulle ha riktig teknikk i løfta for å kunne gjennomføre dei på ein trygg måte etterfrulgt av fokus på å auke intensitet. Eg såg veldig mange gode løft på mine timar. Veldig kjekt at de hukkar tak i meg og spør om tips, hald fram med det! Om ikkje coachen alltid er tilgjengelig, anbefales det å snakke med makkeren din (eller andre som er flinke). Det er utruleg mykje god kompetanse blant dykk! Også fleire i dag som kunne informere om at dei satte nye personlege rekordar! Alltid kjekt!


Tilbake til del to. Fokuset her i dag var å ha gode repetisjonar og at ein skulle gjere konsekvent gode repetisjonar sjølv om ein blir sliten. Her kjenner eg meg sjølv såpass godt at eg kan seie at det definitivt ikkje alltid er like lett. Trass i dette, er det viktig at ein gjer så godt ein kan for å jobbe mot at ein klarer å halde kvaliteten oppe sjølv om det er tungt.


Oppsummert God økt og knakande godt jobba!


Bildestrøssel under:



















163 views

Comments


bottom of page