top of page
logo.jpg
Search

20 Rep backsquat *LAST time – 16.Januar.2020

Dagens blogg er skrevet av en av våre flotte medlemmer. Vi vet at det er mange som har utfordringer vi ikke vet om. Så det under her er fantastisk lesing, gir oss trenere stor glede og vi heier på både gro og dere hver eneste dag. – En av tingene vi kan ta ut fra teksten under er, alltid vær hyggelig/snill mot andre. Selv om de ikke oppfører seg helt optimalt, vi vet aldri hva de kan gå igjennom :).

TRENING OG PSYKISK HELSE – Dagens blogg skrevet av Gro

Eg har lenge hatt lyst til å skrive noko om mi erfaring med trening og psykisk helse.

Personleg har eg slitt med angst og depresjon i over ti år, og det var ikkje før eg begynte hos CrossFit Verftet at eg erfarte korleis trening har vore til hjelp for mi mentale helse.

Det var mi beste veninne, Elisabeth, som overtalte meg til å prøve CrossFit. Den første tida klarte eg ikkje å gå på timar utan at ho var med, det var for mykje folk og for mykje nytt til at eg klarte å vere i lokala utan å slite. Det er dessverre ikkje alle som er så heldige i å ha ei veninne som er villig til å følgje deg og støtte deg i ein slik periode.

Etter kvart klarte eg å presse meg sjølv til å gå aleine, dette på grunn av miljøet på Verftet. Har aldri vore borti så mange fantastiske menneske på ein og same plass. Det samhaldet som eg veit Andreas er så opptatt av, det fungerer. Eg følte meg som ein del av gjengen, og etter som tida har gått har timane ved Verftet blitt min fristad, der eg kan lade opp og takle andre utfordringar i kvardagen.

Meistring på trening bygger opp psyken på ein heilt annan måte enn det gjer hos ein psykolog eller med medisin. Eg har gått hos psykolog i tre omgongar sidan 2010 med ulikt forløp og har brukt medisin sidan 2012. Ein får gjerne råd om å gå tur i skogen, vere ute i frisk luft og sol. Men det er ikkje til hjelp når ein slit med sosial angst eller alvorleg depresjon.

Det eg merka med treningsforma CrossFit er at du må pushe deg sjølv på kvar trening, det er ikkje ok å gjere ting halvvegs og ha det “komfortabelt”. Etter kvart blir ein gjerne litt avhengig av å teste seg sjølv, og då er det godt å ha trenarar som passar på at ein gjer øvingar med riktig teknikk og at ein skal ha kontroll.

Det eg meiner er den største merkbare endringa er at med meistring på trening vert kvardagen lettare. Eg veit at om eg klarer å trene meg opp til å klare pushup, toes to bar eller å springe 5000m, så kan eg klare å ta ein tur på Amanda.

Og tru meg, det er ikkje lett å vere på Amanda!

Sjølv om eg av og til kjem på trening og har angst når eg sit med kaffikoppen og ventar på at treninga skal begynne, så forsvinn alt det når timen er i gang. Etter trening er det som oftast ei god stemning i kropp og hovud. Er blitt avhengig av å trene minimum tre gongar i veka, og eg veit at det er med på å holde meg frisk.

Takk til trenarane på CrossFit Verftet og medlemmane som alltid er positive og inkluderande! Vit at dokke hjelper meg og andre til å takle livet og kvardagen.





Jan the man! – I dag kom han innom bare for å tegne og planlegge en liten overraskelse som kommer. Det blir ganske kult om vi får det til ;).

Siste nyheten er at vi har bestilt 2 nye møller til Verftet. Vi skal bytte ut de gamle. Det var da rolige 90 000,-. Vi starter 2020 med et stort pang, deilig 😉 😀

Dagens økt i all sin prakt med nydelige scores:






Vel gjennomført treningsdag alle sammen!!

1 view
bottom of page